-
Årsmelding for 2019
Her kan du lesa litt om kva me heldt på med i 2019.
Stilling ledig - 1 års vikariat
Det vert ledig stilling i 80%, som leiar av Åseral Frivilligsentral! Vikariatet gjeld i perioden 01.03.22 - 01.03.231 års vikariat - leiar av Åseral Frivilligsentral, 80 % stilling
Innhaldsrik stilling, vikariat er i perioden 01.03.22-01.03.23
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Rekruttering, opplæring og oppfølging av frivillige
- Samarbeid med ulike offentlege instansar og lag/foreningar
- Dagleg drift med budsjett- og økonomiansvar
- Informasjonsarbeid internt og eksternt
- Sørge for prosjektutforming og rapportering
- Ansvarleg for at aktivitetar og prosjekt blir gjennomført
Vi søkjer etter ein leiar som:
- Gjev menneske tru på eigne ressursar
- Er omgjengeleg og god på å jobbe i team
- Er sjølvstendig, løysningsorientert, fleksibel og motivert
- Har gode evner til nettverksbygging, relasjonsarbeid, samarbeid, og skriftleg og munnleg kommunikasjon
- Har engasjement og gode haldningar
- Er god på organisering og konflikthandtering
- Har relevant utdanning frå høgskole/universitet. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for delvis manglande utdanning
- Har erfaring frå økonomi og prosjektarbeid
- Er fortruleg med bruk av IKT-verktøy og sosiale media
Vi kan tilby:
- Meiningsfulle og utviklande arbeidsoppgåver
- Eit positivt miljø med engasjerte frivillige
- Moglegheit til å forme og utvikle sentralen og aktivitetar
- Deltaking i kolleganettverk med andre daglege leiarar av frivilligsentraler
- Tilrettelegging for fagleg utvikling og oppdatering
- Fleksitid
- Løn etter avtale
Personlege eigenskapar og motivasjon for denne type arbeid vil bli sterkt vektlagt. Den som blir tilsett må ha førarkort og disponera eigen bil. Det må også påreiknas noko arbeid på kveldstid og i helger.
Spørsmål om stillinga kan rettast til: Dagleg leiar Kristina H. Naglestad tlf 41 20 91 68, eller styreleiar Arna Berg tlf 905 00 467
Søknad med CV, attesterte attestar og vitnemål, samt referansar skal sendast til: arnaberg@gmail.com innan måndag 03.januar 2022.
Del på:
-
798.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen
16.desember 2019 fekk me uventa besøk på kontoret. Tom Handeland og eg blei lura trill rundt, og vart overraska av besøk frå Helge Håland som representant frå Gjensidige stiftelsen! Med seg hadde han ein sjekk på: 798 000!!!
-
Egen musikkvideo!
Åseral Frivilligsentral har laget sin egen musikkvideo! Lokale bedrifter i bygda har velvillig sponset prosjektet, noe som har gjort det mulig for oss å få fagfolk med på laget!
-
Aktivitetsbussen har kommet!
Etter litt lengre ventetid enn beregna, har me endeleg fått denne flotte bussen til bygda! Den har allereie vore på vegen, både i og utanfor kommunen! Alle sjåfører så langt er samde om at bilen er svært god å kjøyre, og den er praktisk for passasjerar! Bilen har me fått med midler frå Gjensidige stiftelsen, og Bay Auto, Mandal har levert bilen og ytt god service!
-
Aktivitetsdag i Klatreskogen og Mineralparken tirsdag 3.juli!