Daglig leder, 80% fast stilling i Åseral Frivilligsentral

Åseral Frivilligsentral blei formelt etablert 14.oktober 2014 og er ein lokalt forankra møteplass i bygda. Sentralen er organisert som ei foreining, og eigarane er 8 ulike lokale medlemsforeiningar. Åseral Frivilligsentral har eige styre med representantar frå eigarforeiningane, samt representant for dei frivillige. Sentralen er godt etablert, og har stort engasjement og deltaking. Dagleg leiar forpliktar seg på verksemdsplan vedteke av årsmøtet. Åseral Frivilligsentral er samlokalisert med Oppas Hus Brukt & Antik, som er eit av aktivitetstiltaka til sentralen.

Dei politiske rammebetingelsane pr i dag sørger for ei 60% stilling. Styret ser på ei minimum 80% stilling som nødvendig for frivilligsentralen, og har vald å dekka opp 20% gjennom interne prioriteringar. Det blir arbeidd aktivt med å finna ei løysing for 100% stilling.

Frivilligsentralen skal bidra til samordning av frivillig innsats som private og frivillige organisasjonar utfører; styrke og fremme det frivillige arbeidet. Sentralen skal vere kontaktpunkt og kraftsenter for menneske, lag, foreiningar og det offentlege - eit positivt supplement til allereie eksisterande aktivitetar.

Dagleg leiar skal vere sentral i utviklinga av frivilligsentralen og skal vere med å initiere, mobilisere og samordne frivillig aktivitet. Dagleg leiar skal vidare bidra til samspel mellom frivillig og offentleg innsats på område det er naturleg å samarbeide om. Dagleg leiar er ansvarleg for målsetting, verksemdsplan, budsjett og søknad om tilskotsmidlar.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Rekruttering, opplæring og oppfølging av frivillige
  • Samarbeid med ulike offentlege instansar og lag/foreningar
  • Dagleg drift med budsjett- og økonomiansvar
  • Informasjonsarbeid internt og eksternt
  • Sørge for prosjektutforming og rapportering
  • Ansvarleg for at aktivitetar og prosjekt blir gjennomført

 

Vi søkjer etter ein leiar som:

  • Har relevant utdanning frå høgskole/universitet. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for delvis manglande utdanning
  • Har erfaring frå økonomi og prosjektarbeid
  • Er sjølvstendig, løysningsorientert, fleksibel og motivert
  • Har gode evner til nettverksbygging, relasjonsarbeid, samarbeid, og skriftleg og munnleg kommunikasjon
  • Har engasjement og gode haldningar
  • Er omgjengeleg og god på å jobbe i team
  • Gjev menneske tru på eigne ressursar
  • Er god på organisering og konflikthandtering
  • Er fortruleg med bruk av IKT-verktøy og sosiale media

 

Vi kan tilby:

  • Meiningsfulle og utviklande arbeidsoppgåver
  • Eit positivt miljø med engasjerte frivillige
  • Deltaking i kolleganettverk med andre daglege leiarar av frivilligsentraler
  • Tilrettelegging for fagleg utvikling og oppdatering
  • Fleksitid
  • Løn etter avtale

 

Personlege eigenskapar og motivasjon for denne type arbeid vil bli sterkt vektlagt. Den som blir tilsatt må ha førarkort og disponera eigen bil.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Lena Verdal Vittali tlf. 945 14 965 eller styreleiar Arna Berg tlf 905 00 467.

Søknad med CV, attesterte attestar og vitnemål, samt referansar skal sendast til: arnaberg@gmail.com innan torsdag 31.mai 2018.

 

For utskriftsvennlig versjon:

stillingsannonse-2018-fullstendig-utlysningstekst

2024 © Åseral Frivilligsentral