798.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen

16.desember 2019 fekk me uventa besøk på kontoret. Tom Handeland og eg blei lura trill rundt, og vart overraska av besøk frå Helge Håland som representant frå Gjensidige stiftelsen! Med seg hadde han ein sjekk på: 798 000!!!

For ei jolegåve å få til bygdesamfunna i Audnedal, Hægebostad og Åseral!

Pengane me har fått skal brukast til eit prosjekt kalla «Bruk Håve». 

Eiga facebookside for prosjektet: https://www.facebook.com/brukhaave/

Dette er eit samarbeid mellom frivilligsentralar i nemnde kommunar, samt snøscooterklubbane.

Kort fortalt er dette eit treårig prosjekt som skal famna om heile lokalsamfunna, sveisa saman, og bygga opp under trafikksikkerhet. Både på hei og på vei.

Kva for krefter fins i natur og motor?

Me har ingen å miste, og må ta vare på kvarandre!

Tusen takk til Gjensidige stiftelsen!

Faderullan så moro dette var!!!!

2020 © Åseral Frivilligsentral